Kvinnehelse og arbeidsliv
Kva vil det seie å ha eit livsfaseorientert arbeidsliv? Kva er kvinnehelse og kva er arbeidshelse? Forskar Anette Fagertun fortel i dette frukostmøtet om den første forskinga i Noreg på samanhengar mellom overgangsalder og kvinners arbeidsdeltaking.
Kursinformasjon
Tidspunkt:
20.mar 2025, kl. 09.00-09.55
Sted:
Digitalt og Alrek Helseklynge, Bergen
Antall plasser:
150
Påmeldingsfrist:
20. mars
Om frukostmøtet
Kvinnehelse er eit komplekst fenomen som dreier seg om mange ulike ting. Kvinnehelse kan handle om reproduktiv helse, eller om plager og sjukdom som berre rammar kvinner. Det kan òg handle om sjukdom som rammer begge kjønn, men der det er viktige kjønnsforskjeller. Kvinnehelse kan dreie seg om måten kvinner blir møtt på i helsetenesta, om organisering av helsetenesta, om tilgang til helsetenester, om politisk innramming av kvinners helse i samfunn og arbeidsliv. Og ikkje minst, kan kvinnehelse handle om korleis kvinner opplever helse og meistring.
Trass i at velferdsstaten held høgt verdiar som likestilling, rettvise og universalisme, er kvinnehelse eit tema som har fått lite merksemd i samfunnet. Det finst litt forsking på dette internasjonalt, men me har lav kunnskap om samanhengar mellom kvinners liv og helse i høve arbeidslivsdeltaking i Noreg. Fram til no har ingen forska på samanhengar mellom overgangsalder og kvinners arbeidsdeltaking i Noreg. Anette Fagertun er ein av forskarane som bøter på dette. Ho deltek i prosjektet KLAR , som produserer ny kunnskap om slike samanhengar, med ambisjon om å bidra til å betre helse, helsetenester og berekraftig arbeidsdeltaking for kvinner i overgangsalder. Forskarane ser mellom anna på korleis kvinner erfarer overgangsalder i relasjon til arbeidsliv, korleis helsevesenet møter kvinner midt i livet, og korleis kvinnehelse og overgangsalder er problematisert og representert politisk.
Praktisk info og påmelding
Tid og sted: Digitalt og Alrek Helseklynge, Bergen. 20. mars kl. 09. - 09.55 (frukost fra 08.30).
Alle medlemmer kan melde seg på for digital deltaking på frukostmøtet. Medlemmer i Vestland kan også delta fysisk i Bergen. Påmeldinga er bindande, og deltakinga gratis. Reiseutgifter blir ikkje dekka.
Til deg som vil delta digitalt
Alle som vil følgje frukostmøtet digitalt får tilsendt deltakerlenkje dagen før arrangementet.
Til deg som vil delta fysisk i Bergen
Vil du delta fysisk? Skriv «deltar fysisk» i feltet for tilleggsopplysningar i påmeldingsskjemaet. Hugs også å fortelje om allergiar om du deltek fysisk. Møtet er på Alrek Helseklynge, som har fleire bygg i same gate. Vi skal vere i Årstadveien 17. Rommet vi skal vere på heiter Hugin, og er i underetasjen. Det er bygrensa plass i møtelokalet, så ver rask med påmelding. Siste frist for påmelding om du vil ha frukost, er måndag 17. mars.
Arrangementet er i regi av Samfunnsviterne i Vestland.
Program
Kl. 08.30: Frukostservering utanfor rommet Hugin
Kl. 09.00: Fagleg innlegg ved Anette Fagertun
Kl. 09.30: Spørsmål og kommentarar
Kl. 09.55: Slutt
Spørsmål og henvendelser kan rettes til [email protected]